
Fitjar Camping ligg inst i Hellandsfjorden, med stor laks som vakar ved flytebryggjene og svaner som sym grasiøst og fredeleg. Med båt kjem du snøgt ut i dei unike Fitjar-øyane, der sel leikar seg blant skjera og torsken bit villig. Mange har dessutan oppdaga øyane som padle-eldorado. Like attmed campingplassen kan du fiska aure og laks i Kjærelva, eller freista fiskelukka i Storavatnet.Fitjarfjella kan by på fantastiske turområde.
Fitjar sentrum er berre nokre minutt unna. Der er moderne landhandel, post, bank, bensinstasjon, videokiosk, lækjar, kultur- og idrettsbygg, idrettsanlegg, kafe, hotell, restaurant og meir til.
Ein halvtimes køyring unna, i Leirvik, finn du kino og alt anna ein småby kan tilby. Der finst også golfbane.


