
Bak Fitjar Camping står dei lokale gardsbrukarane og grunneigarane Randi og Kristoffer Dalen. Dei har gard berre ein liten kilometer unna og naturleg nok solid og ekte lokalkunnskap.
Adresse og kontaktinformasjon finn du nederst på sida.
Du finn Fitjar Camping vel 2 km vest for Fitjar sentrum, ved innkøyrsla til Kråko sjøhytteområde. I svært idylliske og fredelege omgjevnader.
Her vert laga til plassar for bubilar, teltområde, hytter og leiligheiter, flytebryggjer og kiosk.
Når heile anlegget står ferdig, vil det ha høg, internasjonal standard.