
Til sesongen 2009 reknar me med å ha opparbeidd gode tilhøve for campingturistar både i telt, campingvogner og bubilar. Ferdig tilrettelagt vil me tilby noko av det beste som finst for desse. Me tek mot besøkjande både på korttidsopphald og dei som ynskjer ha campingvogna ståande over lenger tid. Pris for campingvogner og bubilar er 200 kr per døgr. 100 kr per telt.
I servicebygget er det toalettar, dusj, vask og det som trengst. Stor daglegstove og - til sesongen 2009 - vil det vera kiosk.
